Plany, AGA og Mowi med spennande innovasjonsprosjekt:

Ny teknologi i kampen mot lakselusa

Gursken-selskapet Plany og AGA, og FoU-partar Mowi skal prøve å hindre påslag av lakselus i oppdrettsmerdar med ein kombinasjon av luseskjørt og tilførsel av reint oksygen. Konseptet heiter Oxyshield, og vil kommersialiserast av Plany. Teknologien ser ut til å ha fleire positive sider.
Nyhende

- Luseskjørt er det beste enkelttiltaket for å hindre påslag av lus. Ulempa med bruk av luseskjørt er redusert oksygennivå i merden. Vi og AGA har løyst dette ved å kombinere luseskjørt og tilsetting av reint oksygen i merdane.