No er det bestemt:

Hermetikkproduksjonen held fram også etter 2019

Tysdag morgon kom stadfestinga på at hermetikkproduksjonen ved Maritim Food sin fabrikk i Gjerdsvika vil halde fram også etter 1. januar 2020. Fantastiske nyheiter, seier Sande-ordførar Dag Vaagen.

Jan Brevik: Den dag­le­ge lei­a­ren i Ma­ri­tim Food sei­er at han er glad for at dei no kan sjå fram­over.  Foto: Arne Flatin/NRK

Nyhende

Allereie måndag kveld fekk Vestlandsnytt informasjon om at hermetikkproduksjonen ved fiskematfabrikken i Gjerdsvika såg ut til å vere berga. Då vi kontakta dagleg leiar i Maritim Food, Jan Brevik, stadfesta også han at det var gode nyheiter i vente om framtida til fabrikken. Men han ville ikkje bekrefte om framtidig hermetikkproduksjon var sikra.