Han er ny fastlege og ho er den nye kommunepsykologen i Herøy:

– Eit skikkeleg løft

Kommuneoverlegen og seksjonsleiar for psykisk helse og rus er glade for å kunne presentere to ferske tilskot inn i den kommunale helsetenesta i Herøy. Møt den nye fastlegen, Kristian Gottliebsen, og ny kommunepsykolog for barn og ungdom, Lisa Torunn Gottliebsen. Dei byrjar i desember.

Det er gledeleg at vi også slår eit slag for folketalsauke.

Svanhild Rise
Nyhende

– Vi har vore ute og «fiska» etter både ny kommunepsykolog og fastlege ei stund, i ein jobbmarknad som er nokså skrapa. Det at vi no får napp, og attpåtil får to som er så godt kvalifiserte for jobben samstundes, må reknast som eit skikkeleg varp.