Redusert arbeidsløyse i Herøy i juni

Det vart 11 færre herøyværingar utan arbeid i juni, syner siste tala frå NAV.

Litt betring: Igjen syner tala frå NAV ei viss lokal betring i arbeidsløysetala. 

Nyhende

80 menn og 82 kvinner er ved månadsskiftet registrerte som arbeidsledige i Herøy. Det utgjer 3,5 prosent av arbeidsstokken. Framleis er Herøy nest høgst i fylket på arbeidsløyse, berre «slått» av Hareid, der det er 3,8 prosent arbeidsløyse.

Dei fire øykommunane på ytre Søre har relativt høg arbeidsløyse. Berre desse fire har over 3 prosent arbeidsløyse i fylket. Ulstein med 3,2 prosent, Sande 3,1 prosent. Dei tre kommunane utanom Sande har likevel opplevd ei betring det siste året. Det er i dag 21 færre arbeidslause i Herøy enn for eitt år sidan.

Vanylven har berre 1,7 prosent arbeidsløyse, etter ei lita stigning den siste månaden.

Volda har 2,3 prosent arbeidsløyse, Ørsta 1,9 prosent.

– Vi har hatt ei god utvikling i arbeidsløysa i Møre og Romsdal også i juni. Den siste månaden har vi fått 42 færre arbeidslause, og tek vi omsyn til vanlege sesongsvingingar er nedgangen den siste månaden på 77 personar. Med desse tala har vi også denne månaden ei betre utvikling enn i landet totalt, kommenterer fylkesdirektør i NAV, Stein Veland.