Havyard og SINTEF inngår FoU-samarbeid

Havyard-gruppa og SINTEF Ocean har inngått avtale om eit forskingsprogram som skal gjere skipsfart meir miljøvennleg.

Trond Johnsen (SINTEF Ocean) og Kristian Steinsvik (Havyard Design & Solutions) i SINTEF Ocean Lab i Trondheim  Foto: SINTEF Ocean

Nyhende

FoU-programmet inkluderer prosjekt innan ulike teknologiområde som skipsdesign, hybride maskineriløysingar og digitalisering. Målet er å utvikle kompetanse og løysingar som gjer Havyard i stand til å levere endå meir miljøvennlege og sikre skip til sine kundar. Programmet strekker seg over 3 år, og har ei økonomisk ramme på cirka 130 millionar kroner, heiter det i ei pressemelding frå Havyard.

- Vi har hatt stort utbytte av samarbeidet med SINTEF Ocean allereie, og vi ønsker å styrke dette gjennom denne satsinga. Miljøutsleppa frå skipsfarten må reduserast samtidig som sikkerheita vert halde ved lag, og vi ønsker å vere i front av denne utviklinga. I SINTEF finn vi eit av dei leiande fagmiljøa globalt på temaet, seier Kristian Steinsvik, leiar for FoU i Havyard.

Trond Johnsen, forskingsleiar i SINTEF Ocean og leiar for SFI Smart Maritime, har følgjande kommentar:

- For SINTEF er dette ei viktig satsing, som vil gi oss eit betydeleg løft på svært aktuelle forskingsområde. I tillegg til konkrete innovasjonar for Havyard, vil denne satsinga også produsere kunnskap som kjem heile næringa og samfunnet til gode. Deler av aktiviteten vil også utførast lokalt av våre kollegaer i SINTEF Ålesund.