Forskar og marlerikonservator Tone Marie Olstad frå Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU) har leia arbeidet, i regi av Riksantikvaren.

Det var også Olstad som like før jul 2015 var innom Sande kyrkje ein snartur for å vurdere den gamle altertavla, der maleria i alterskapet er ein sentral del.

Den gongen vart det slått alarm: Maleria bar preg av stor slitasje og hadde behov for naudhjelp. Tida gjekk, men hausten 2016 fekk NIKU klarsignal for å reise til Sunnmøre for å starte jobben. Berre det å førebu transporten, for å hindre ytterlegare skader på vegen til Oslo og renovering, var eit tidkrevjande arbeid.

Og så mangla det endelege, grøne lyset frå Riksantikvaren for å gå i gang med bergingsoperasjonen.

Difor vart ikkje arbeidet sett igang før sist vinter, og dei siste månadene har eit team på sju personar frå NIKU jobba med maleria.

Reinsing og konservering

– Jobben har i hovudsak dreia seg om reinsing og konservering, ikkje å ta maleria tilbake til det som kan ha vore den heilt opphavelege tilstanden, opplyste Olstad i Sande kyrkje torsdag kveld.

Riksantikvaren hadde saman med NIKU og kyrkja, og Kyrkjeringen, invitert til orienteringsmøte i Sande kyrkje. Det møtte opp eit femtitals menneske som uttrykte begeistring over det faktum alterskapet no er tilbake på sin rettmessige plass igjen.

Begeistring har måleria også vekt i fagmiljøet i hovudstademn.

– Kunsten er importert og er etter alt å døme laga i Lübeck, truleg med kunstnarar frå Wesftalen-distriktet, opplyste Olstad.

Ho kunngjorde også at skapet truleg er produsert rundt 1460, altså for 560 år sidan.

– Vi har fått mang ei «wow-kjensle» under arbeidet med alterskapet. Dette er nydeleg kunst som er ein skatt i nasjonal målestokk, uttrykte Olstad.

Konsulterte KRIPOS

– Vi hadde under arbeidet med å avdekke usynlegheiter også KRIPOS på besøk, la Olstad til i ei bisetning.

Også på baksida av skapet, som ein gong ar framdørene i skapet, finst det fine måleri. Desse er truleg frå 1700-talet og er kan hende laga av tyskfødde Gottfries Ezechiel. Desse måleria har som tidlegare fått sin litt ufortente plass høgt oppe ved bakveggen, men NIKU har dokumentert dei på fagmessig vis.

På baksida av desse vart det oppdaga handskrift med krit. Ein har funne namna Hans G. Hauge og Hans Pederson Riste, og årstalet 1777. Desse er dokumenterte, men fjerna frå baksidemåleria.

Olstad kunne også fortelje at det er oppdaga heilt spesielle og unike bordar, laga etter metoden pressbrokade, mellom dei fire hovudbilda i alterskapet.

Både korpus-figurane og måleria, har skifta fargar oppgjennom århundra.

– Spesielle punsemerke ved gloriane både i maleri og korpus, i same mønster, tyder elles på at desse delane vart laga på same tid, opplyste Olstad.

Kjersti Ellefsen frå Riksantikvaren sa det var ei glede å kunne levere tilbake måleria i ein oppfriska versjon.

– Opp gjennom historien er det ikkje alltid Riksantikvaren har levert tilbake kunstskattar, men altertavla tilhøyrer kyrkja og menigheita, og eg håpar de får glede av dette kunstverket i mange, mange år, sa Ellefsen.

– Eg kan fortelje at måleria har vore heitt tema i Oslo. Her finst det ei rekkje fine detaljar som har fått oss til å måpe, helsa Ellefsen.