Aasmund Torvik lanserer utvidingsplanar i Torvik: – Kan ikkje vente fem nye år på ein avtale

I eit brev til Herøy kommune ber eigar av Vikane Eiendom, Aasmund Torvik, kommunen om å ikkje imøtekome Nordic Resort sitt ønskje om ei ny utsetting på fem år. Samstundes offentleggjer han eigne utbyggingsplanar.
Nyhende

Tomtestriden i Torvik er nok allereie godt kjend for store delar av våre lesarar, men for dei som ikkje kjenner saka så godt er stridens kjerne ein lagerhall i utkanten av Torvik. Denne hallen er eigd av Aasmund Torvik gjennom hans selskap Vikane Eiendom AS. I hallen held Torvik sitt selskap Lextor Marin AS til. Lextor Marin er eit båtbyggarfirma i sterk utvikling. Dette er grunnen til at Torvik no ser eit stort behov for å bygge ut fasilitetane.