Som meldt i går kveld er fotballtrenaren ikkje lenger sikta for seksuell omgang med eit born mellom 14 og 16 år. Men mannen er framleis sikta for seksuelt krenkande åtferd mot born under 16 år. I tillegg er han sikta for å ha delt framstilling av seksuelle overgrep mot born.

Det opplyser politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK, som først omtala saka. Ho seier at grunnen til at siktinga no er endra, er nye opplysningar som har kome fram under avhøyr av mannen.

Den aktuelle mannen vart pågripen torsdag ettermiddag, og seinare varetektsfengsla med brev- og besøkskontroll i fire veker. Det vart då opplyst at mannen gjennom si rolle som fotballtrenar er i posisjon til å påverke vitne, og dermed også øydelegge bevis i saka.

– Det er ikkje lenger fare for at bevis kan gå tapt og mannen blei difor lauslaten, seier Ulstein til nrk.no.

Til NRK seier mannen sin forsvarar, Jørund Knardal, at fotballtrenaren nektar for å ha gjort det han no er sikta for.