Statens naturoppsyn med beslag av ulovleg garn i Herøy:

Nøler ikkje med å melde

– Om vi veit eller finn ut kven det er som set garn slik, melder vi vedkomande til politiet.
Nyhende

Kjell Hansen er klar i talen. Om dei finn flytegarn og garn som ligg over tremetersgrensa så kan det vanke bøter på vedkomande som har sett dei ut. Vi møter dei på kaia i Fosnavåg. Om bord i båten deira ligg eit stort garn. Saman med kollega Anne Rudsengen er Hansen nettopp ferdig med ein rutinemessig, dagleg kontroll i sjøområda kring Herøy.