Har kjøpt inn stort festivaltelt

– Håpet er at dette er eit tiltak som vil gjere det endå enklare og mykje billigare for dei som ynskjer å skape liv og røre i kommunen.

Illustrasjon: Det er eit telt av denne typen næringsforumet har kjøpt inn.   Foto: O.B.Wiik

Nyhende

Det seier dagleg leiar i Herøy næringsforum, Geir Idar Kvalsvik, om at Næringsforumet no har gått til innkjøp av eit stort festival/partytelt. Med dimensjonar på 30 x 9 meter, totalt 270 kvadratmeter, er innkjøpet gjort med intensjon om å letne den økonomiske børa det er for folk i Herøy som ynskjer å stelle i stand arrangement.