Eitt verft som har vore atypisk, er Larsnes Mek. Verksted. Dette verftet har hatt fulle ordrebøker i fleire år. I tillegg har dei tent pengar. Her har det stort sett gått i brønnbåtar og fiskefartøy.

Hjørnesteinsverksemda på Larsnes, som framleis heiter «verkstad», er eit verft i ordets rette forstand. Her vert det bygt båtar på løpande band, og verftet har eit velfortent, godt ry landet over.

No skal Larsnes Mek. Utviklast endå meir. Det ligg føre ein framtidsretta plan for utviding og utvikling av «Holmen», med kaier, bygningar og ei overbygd dokk. Med god visuell tilpassing vil endringane gli fint inn i miljøet.

Samstundes ser det gledeleg nok ut til at Myklebust Verft er over den verste kneiken. Dei tek meir og meir trygge steg inn i framtida, no på eigne bein. Også her vert det tent pengar for tida.

Dei to verfta i Sande er også viktige for underleverandørar i heile regionen. Det må vere eit stort håp om at også dei to større verfta i Ulstein kjem seg ut av krisa på ein godt måte, slik at ein kan møte ei ny framtid også der.

På same tid melder fleire bedrifter, offshorereiarane inkludert, om at dei ser betringar i offshoremarknaden. Her ser det ut til at det sakte, men sikkert går framover. Dei fleste ekspertane spår ein oppgang i åra som kjem. Det er bra og viktig for heile regionen, sjølv om vi aldri kjem tilbake til den offshore-bonanzaen vi var vitne til før krisa kom.