ANFINN PÅ TORVHOLMEN

Far til Anfinn, Petter Skorpen, vaks opp på Skorpa. Han bygde seg hus på Torvholmen i 1904, same året som Anfinn vart fødd, og tok etternamnet Torvholm.

POSTFØRAREN: I heile 42 år var Anfinn Skorpen postførar til Svinøy fyr. Han og mannskapet hans gjorde ein innsats som lenge vil verte hugsa. Båtruta vart nedlagd i 1970, og same året vart helikopter sett inn i ruta.   Foto: Harald Thorseth

Vêret var så dårleg denne haustkvelden at einaste måten å få jenta om bord i båten på var å sende henne luftvegen frå Svinøya og ned i båten.

Nyhende

I fjorten år hadde Petter posttenesta til Svinøya. Han drukna i 1928 då han kollsigla med båten sin ved Kvalen, ikkje langt frå Torvholmen. Anfinn, som hadde vore til sjøs, på ishavet og arbeidd i USA, hadde kome heim same året som faren døydde. Anfinn var då 24 år og eldstemann i syskenflokken.