Det seier Jan Åge Fjørtoft. No er det klart at Gursken stadion no skiftar namn til «Jan Åge Fjørtoft Stadion». Samstundes vert det mobilisert for ei større oppgradering av anlegget.

– Det ville vere utruleg synd om Gursken stadion skulle gro att og forfalle. Dette prosjektet har eg stor tru på.

Det seier mannen med idèen bak den nyoppstarta redningsoperasjonen for det litt gløymde anlegget, Oddvar Myklebust.

Vart opna i 1989

Han er idrettslaget sin leiar av prosjektet som skal føre til at Gursken stadion blir renovert. Anlegget, som opna i 1989, har vore lite brukt etter at River Plate ved Gursken skule vart bygt ut med kunstgras for ein del år tilbake.

Gursken IL inngår no samarbeid med Jan Åge Fjørtoft i arbeidet. Planen er mellom anna å flytte kunstgraset frå River Plate over til nye «Jan Åge Fjørtoft Stadion» når det skal leggast nytt dekke på River Plate.

«Solskjær-modellen»

– Eg høyrde om Clausenengen som hadde ei bane som stod til forfall etter samanslåinga i Kristiansund, og at dei går saman med Ole Gunnar Solskjær om å få graset som skal skiftast ut over til gamlestadion til Clausenengen, fortel Oddvar Myklebust til Vestlandsnytt.

– Eg gjekk nokre runder med idrettslaget og kommunen, og lanserte det for Jan Åge. Han var som alltid kjempepositiv, og vil vere med på lyfte stadion til nye høgder, seier Myklebust.

Han meiner operasjonen vil gi ein ny giv å stadion. Til dømes for damene som arrangerer «Allsong på graset». No blir det «Allsong på kunstgraset».

– Og så gir det Kåre Fjørtoft, som har utført nær alt vedlikehaldet på stadion åleine, langt betre arbeidsvilkår, smiler Oddvar Myklebust.

Han har tru på at prosjektet skal kome i mål økonomisk, men har tru på at idrettslaget, med hjelp frå bygdefolket og andre gode krefter, vil stille opp for å få prosjektet i mål.

– Ei stor ære

Jan Åge Fjørtoft seier han tende på initiativet frå Gursken IL straks han høyrde om det.

– Dette skal vi få til. For det første er det trasig med det forfallet som har vore på stadion di seinare åra. Stadion betyr mykje for idrettslaget og bygda, men også for meg personleg, ettersom idrettslaget finansierte delar av stadion etter at pengar frå mine overgangar tilfall prosjektet.

– For det andre er det ei kjempe stor ære for meg å få namnet mitt knytt til stadion. Eg vil bidra i dette prosjektet, også saman med mine kontakter rundt omkring. Og så trur eg dette kan verte eit fint spleiselag, kanskje a la det lyftet eg har sett Gursken kyrkje har fått i samband med sitt 100-årsjubileum, seier Jan Åge, som alltid har vore ein solid Gursken- og Sande-ambassadør.

Prosjektet med «Jan Åge Fjørtoft Stadion» vart presentert på Gursken-konferansen onsdag kveld. Ein av dei som smilte breiast då nyheita kom, var Kåre Fjørtoft, som år etter år har styrt og stelt med stadion, siste åra mykje på eiga hand.

– Det er også kjekt å sjå at onkel Oddvar (Myklebust, red. mrk) og fleire andre som var med på realiseringa av anlegget for over tretti år sidan, no står i bresjen for det nye prosjektet, slår Jan Åge fast.

Vinn-vinn-situasjon

Ordførar Dag Vaagen seier i ein kommentar til dei nye planane at det er gledeleg og positivt med slike initiativ.

– Dette må reknast som ein vinn-vinn stuasjon. Og det er klart at kommunen vil så langt vi kan, backe opp alle planar som gir utvikling og utbetring, lovar Vaagen.