– Og viss de ser han Svarteborg eller andre sjørøvarar, veit de kva de skal gjere då?

Barneflokken står i ring rundt Kaja Runde, og ventar spent på svaret.

– Sjørøvarar er redde ein ting, og det er ørna. Så om de ser ein sjørøvar, må de rope; ørn, ørn!

Runde fiskar fram eit skattekart frå lomma, som ho syner barneflokken. Dei snur og vendar på det og finn etter kvart X-en. Nokre av barna blir så ivrige at dei piler av garde, men får streng beskjed om å gå i samla flokk. Ein vil no ikkje at nokre skal kome på avvegar, no som her er sjørøvarar på øya.

Etter å ha følgt kartet ei strekning, og mistenkt både eine og andre turisten for å vere ein forkledd sjørøvar, finn borna ei tildekt skattekiste. Akkurat i det dei skal til å knabbe kista, kjem to sjørøvarar til syne. Dei rekk knapt å seie «skip ohoy» før borna har jaga dei vekk med å gaule i kor. – Ørn, ørn, ørn!

Dei gløymer eit augneblink skatten og blir heilt opptekne av sjørøvarane, men elt tilbake på hamna kan nøgde skattejegerar nyte byttet, etter litt hjelp frå ørna, Alv Ottar Folkestad, som jaga sjørøvarane vekk, ein gong for alle.

Fullt telt

Etter å ha deltatt på skattejakta, er det godt å få seg ei svele eller eit kakestykke innanbords, noko det bognar av i teltet som er sett opp på Runde hamn. Her har bygdefolk og tilreisande samla seg for å smake på goda som Rundefolket har stelt i stand, og her er ikkje reint få gjestar heller. Samtalen ligg laust i lufta, og blandar seg med klassikarar signert Fred Frantzen og Bjørn Prytz, som står for dagens musikalske underhaldning. Folk svaiar i takta medan dei et, nokre syng med og nokre byr også opp til pardans til velkjende rytmar.

I enden av teltet er det også ei og anna salsbod å sjø over, der fleire lokale handverkarar syner sitt sortiment.

Kunst og bilde

Lokalt handverk finn ein også i den gamle kafeen og skulen. Her får vi sjå flotte måleri av både Marit Lillestøl, Christine Goksøyr og Roger Wagland. I kjellaren på skulen har også to lokale fotografar stilt ut sine fotografi, Ivar Sulebakk og Halvard Per Runde.

Aktuelt spel

Vi har omsider samla oss langs promenaden, klare for dagens siste programpost, det lokalhistoriske spelet «Sogå om Rondegollje’». Forteljar Kaia Runde saman halve byda som rollebesetning tek oss med på ei reise gjennom tida med gamle segner frå øya, spesielt kytt opp til gullskattane som er funne der opp gjennom tida. Men det er heller ikkje fritt for meir dagsaktuell tematikk. Både dronningbesøk og den nye telefonmastra på øya vert dramatisert, begge aktuelle nyhende det siste året. Det går raskt i mellom slaga, ja, faktisk so rask at skodespelarane ikkje rekk å skifte kostyme i tide, noko som eigentleg berre føyer seg i humoren spelet også speglar. Sjarmerande og løye.

Nøgde arrangørar

Då dagen var omme var det ein gjeng arrangørar som høveleg var nøgde med korleis arrangementet gjekk.

– Dagen sett under eitt, må ein seie dette var vellukka. Vi var litt pessimistar med tanke på vêret tidlegare i veka, men det klaffa heldigvis og god stemning blei det, seier leiar i Runde kvinne- og familielag, Randi Goksøyr.

Ho kan elles opplyse at det i år har vore opp mot 300 besøkande på tradisjonsdagen, medrekna alle borna som kom gratis inn, og dei lokale arrangørane.