– Vi ynskjer å verdsetje gode idéar og prosjekt som er med på å gjere lokalmiljøet vårt til ein attraktiv stad å bu og leve. Dette synest vi Robert Kvalsvik bidrar til. Sparebanken Møre har difor gleda av å tildele prosjektet Grillhus og parkmiljø i klatreparken kr 25000,-, heiter det frå banksjef Per Ronald Knutsen.

Fredag førre veke fekk dei tildelt midlane. Til å ta imot gåvesjekken frå Marthe Vågsholm Sævik, var det Robert Kvalsvik og dottera hans som stilte opp.

– Dette er kjærkomen støtte, og vi ser på dette som ei erkjenning for at det vi driv med er riktig. Vi er avhengig av støtte og dugnad for at vi skal klare å etablere slike fellesarenaer som parken. Derfor er det kjekt å sjå at lokalt næringsliv også tek i eit tak, og sjølvsagt alle dei som stiller opp for å hjelpe til på dugnad, seier Kvalsvik.

Ifølgje han kjem pengane til å bli brukt til utvikling og opparbeiding i området kring grillhytta.