– Den gledeleg store interessa har ført til at vi opnar dørene. Vi kjem til å bere inn ekstra stolar så langt det er plass, seier initiativtakar Jan Åge Fjørtoft.

Han seier til Vestlandsnytt at han håpte at 100 ville melde seg på. Draumen har vore at 200 ville kome, og no ser det ut til at draumen går i oppfylling.

Onsdag 26. juni blir Gursken Konferansen arrangert for første gong.

– Næringslivet har heilt klart reagert veldig positivt på initiativet, og det fortel oss at vi har noko interessant på gang, seier Jan Åge.

Han har brukt sitt nettverk til å hente dyktige og kjende folk frå politikk og næringsliv til konferansen i heimbygda.

Listhaug og Reitan

Statsråd Sylvi Listhaug kjem, det same gjer REMA-sjef Ole Robert Reitan, samt Vipps-topp Rune Garborg og ein av leiarane i Finn.no, Kristin Sætevik.

– Eg vil at desse gjestane skal vere med på å inspirere deltakarane gjennom å fortelje si historie. Samtidig skal lokalt næringsliv få seie ein del om den sunnmørske kulturen, og kva som ligg til grunn for suksessen på Sunnmøre, seier Fjørtoft.

Sparebanken Møre er mellom dei som står bak konferansen. Banken har gjennom sitt Næringsteft sett nyskapning på dagsorden. 300 lokale gründerar har vore med å konkurrere om den beste ideen, og 1 million kroner. Unge entreprenørar får her møte det etablerte næringsliv og ikkje minst blir introdusert den sunnmørske kunnskapsmiljøet.

– Det er i tråd med det vi fokuserer på under konferansen, seier Fjørtoft.

– Det ikkje berre er ein myte at det grør godt mellom nyetablerte bedrifter på Søre Sunnmøre. Det ser vi ikkje minst på talet av deltakar frå dette distriktet på Næringsteft.

Det seier Linda Rafteseth Grimstad, som er Næringsteft sin prosjektleiar i Sparebanken Møre. Ho legg til:

– Næringslivet treng formelle og uformelle møteplassar, og Gursken Konferansen er ei spennande nysatsing i så måte. Ikkje minst med svært gode foredragshaldarar.

«Folk flest» kan melde seg på

No ønskjer Jan Åge at flest mogleg får med seg hendinga:

– Fram til no har vi hatt fokus på næringslivet, men eg opnar no også for at folk flest skal få med seg innlegga og debatten i Gursken. Her er Aadne Sandanger i Sparebanken kontaktperson.

I sunnmørsk stil vert det kaffi, sveler og ananasbrus å få kjøpt. Inntektene frå dette salet har Jan Åge bestemt seg for gje til Gursken Kyrkje.