Her er nemleg arbeidet med å sette opp ei ny bru godt i gang, og derfor er der no ei lita strekning som er lysregulert.

– Vi arbeidar med å få på plass ei midlertidig bru på motsett side av Lanterna med eitt køyrefelt. Denne har vi planlagt skal vere klar mot slutten av august. All trafikk vil då gå via denne brua, medan vi skiftar ut den gamle. Det vil bli lysregulering heilt fram til ny bru står ferdig. Om alt går etter planen vil denne vere på plass nokre veker før nyttår, seier byggeleiar for Statens vegvesen, Bjørn Ove Rotlid, til Vestlandsnytt.

Rotlid var også den ansvarlege då det blei gjort reparasjonar på Herøybrua for ei tid tilbake. Med tanke på korleis trafikkbilde flaut då, ser ikkje han store utfordringar med at det no blir lysregulering i området fram til jul. Det var litt trafikkrot tidlegare denne veka, men truleg var dette eit enkelttilfelle. Folk vert bedne om å følgje og respektere lysreguleringa.

Det er Veidekke som er entreprenør. Dei har leigd inn B. Tarberg AS til å ta hand om gravearbeidet som no går føre seg.