Gapahuken vart originalt bygd på dugnad av 5.-klasseelvar saman med foreldre og lærar tilbake i 1999. Sidan då har både skulen og landsbyfolket hatt glede og stor nytte av gapahuken. Men med tida har dessverre konstruksjonen blitt litt ramponert og taket hadde fått hol i seg. Eine veggen på gapahuken var også knekt og riven av, tydeleg nytta til bålbrenning. Då elevane i 6. og 7. klasse ved Larsnes skule såg det, bestemte dei seg for å gjere grep.

Sidan mars i år har elevane restaurert bygget, saman med ein lærar og ein assistent. To skuletimar kvar veke har gått med på til prosjektet. Elevane har bygd ny vegg, lagt ny vortepapp på taket og lagt torv på. Dei har laga ein benk og dei har saga opp ved av tre og greiner som låg rundt i nærområdet. Så no har med andre ord landsbyfolket og skulen ein flott gapahuk med benk der dei kan kose seg med pølsegrilling og sosialt samvær.

Men …

Der er ein liten bismak ved restaureringsarbeidet. Etter påske var det nemleg eit litt trist syn som møtte elevane då dei skulle ta fatt på arbeidet etter ferien. Nokon hadde då nytta gapahuken, utan å rydde etter seg. Dei måtte då i gang med å plukke glasbrot, smågodt, tomme flasker og anna søppel som låg der. Elevane seier dei synast det er kjekt at folk nyttar gapahuken, men det er derimot trist at det skal vise att på denne måten, ved at det ligg igjen så mykje søppel.

Nøgde med resultatet

Menmen, no er gapahuken klar til bruk, og lærarane kan opplyse til Vestlandsnytt at elevane har arbeida effektivt og har fått god trening i å bruke hammar.

– Dei, og vi vaksne, er svært fornøgde med arbeidsinnsats og resultat, seier lærar Aslaug Maria Djupvik, som skryt av innsatsen til elevane.