– Theresa May går av som statsminister sommaren 2019 – Kva parti høyrer ho til?

Spørsmålet lyser mot elevane frå smarttavla i klasserommet. Dei har eitt minutt å svare på, der dei sit, lagvis, med nettbrett framføre seg. Heldigvis får dei valalternativ, og viss dei følgde nøye med då dei gjekk gjennom nyheitene førre veke, vil dei klare å svare utan problem.

– Då jobba dei med nyheiter knytt til britisk politikk, kyllingindustrien, klimademonstrasjonar, stopp av vindmølle- utbygging, elektrifisering av ferjer og andre saker knytt til kompetansemål i læringsplanen, informerer lærar Ruth Hatlebrekke Rekdal.

– Frøya vindpark ligg i kva for fylke, spør Kahoot.

Rett svar er Trøndelag. Alle laga har rett.

– Det har vore laksedød i ein norsk landsdel den siste veka. Kva for landsdel?

Nord-Norge. Alle har rett igjen.

Laget «Ompa Lompa», med Trygve og Andrine, er vekas vinnar, med sju av sju moglege rette svar.

Dagens nyheiter

Nokre minutt seinare dukkar ankermann Arill Riise i TV2 opp på storskjermen i klasserommet. Vanlegvis får elevane sjå og høyre dagens nyheiter, men akkurat i dag er det gårsdagens sending dei går gjennom, ettersom dei vart forhindra i går.

Etter sendinga, skal elevane diskutere kva nyheitene handla om. Kvart lag vel ut éit nyheitsinnslag. Kva la dei best merke til?

– Vi tok den om skuta (Statsraad Lehmuhl, red. mrk.). Den skal på jordomsegling, seier Susanne Sætre.

– Kvifor var den på nyheitene, spør læraren.

– Fordi dei har fått pengar frå revidert statsbudsjett.

Elles gjenfortel elevane hovudtrekka i nyheiter om verdas tidlegast fødde overlevande baby, Noregs forskingsfartøy M/S Kronprins Haakon og om 21 år gamle Mohamed Dirshe som fekk Carnegies heltemedalje i gull for å ha hoppa inn i eit brennande hus og redda livet til ein åtte år gammal gut.

– Lærer meir

På første rad finn vi Maria Longva og Elias Kleppe. Dei set pris på den nyheitsrelaterte undervisninga.

– Eg brydde meg ikkje så mykje om nyheiter før vi byrja å gå gjennom dei på skulen, seier Elias.

– Ein lærer meir av å følgje med på nyheitene, og det er noko vi også kan snakke om heime, seier Maria.

Då Vestlandsnytt spør klassa om kor mange som gidd å plukke opp ei avis viss dei ser ei «ligge og slenge» heime, rekker nesten alle handa i vêret.

Lokalavisa er også med

Etter gjennomgangen av TV2-nyheitene, gir Rekdal skryt til elevane, før ho minner om at ...

– Kvar dag gjer vi alle vårt beste for at vårt lokalsamfunn skal fungere best mogleg. De er med i ulike lag, skule og fritidsaktivitetar, og då er de med på å utvikle demokratiet. No skal vi gå over til lokalsamfunnet, seier ho.

Det er fredag (4. juni, red. mrk.), og fredag betyr Vestlandsnytt. Denne vekas ordenselevar, Andrine Strandbø og Susanne Sætre har plukka ut éi sak kvar frå dagens avis, som dei andre elevane også skal lese. Andrine har valt ei UNG-sak; eit intervju med artisten TIX – med tittelen «– Empatien min er ei svakheit».

Kvart lag får tildelt kvar sin kopi og les saka høgt for kvarandre. Så skal dei diskutere i klassa.

– Eg la merk til at TIX har to forskjellige personlegdomar. Når han er TIX, er han litt meir gal, seier Andrine.

Susanne har valt ein artikkel om Hans Leonhardt: «75 år sidan det store smellet». Den får ikkje klassa tid til å gå gjennom medan Vestlandsnytt er der – vi må nemleg sjå den siste musikkvideoen til TIX! Men dei tek igjen oppgåva i femte time ...