I forkant av torsdagens kommunestyremøte i Herøy har Folkelista-representant Kjell Runde levert inn eit spørsmål der han ber kommunestyret om å sende ei bestilling til Vest kontroll, som han ynskjer skal gjere ein forvaltingsrevisjon knytt opp mot arbeidsmiljøet i Herøy kommune. Her ber han dei undersøke om lover og reglar er fylgde, og «i same slengen sjå på korleis dei etiske prinsippa og serviceplakaten i Herøy vert handheva».

Runde skriv vidare:

«Etter interpellasjonen eg hadde i kommunestyret, har eg fått mange innspel på uverdige og kritikkverdige tilhøve i Herøy kommune. Vi som politikarar kan ikkje tillate dette!»

Mellom anna hevdar Runde at toppleiinga i kommunen ved fleire høve legg skulda på dei som varslar:

«Ei mor måtte flytte frå Herøy kommune fordi ho klaga på at barnet hennar vart stygt mobba på skulen. Ho tok opp mobbesaka med toppleiinga i kommunen, og vart truga med barnevernet. Mora flytta til ein annan stad i landet, og heldigvis går det no bra med barnet, og barnevernet er ikkje inne i biletet i det heile.»

«Mange tilsette i Herøy kommune er redde for å klage på tilhøva dei arbeider under, dei er redde for hemn dersom dei tek opp «vanskelege» saker. Då er den tilsette sett på som vanskeleg og problemskapar.»

Kjell Runde påstår også at rådmannen ved fleire høve har vore ein sentral person i det Runde omtalar som «graverande forhold»:

«Ein som sende varsel på rådmannen om etisk tvilsame forhold, brukte varslingsskjemaet på heimesida til kommunen. Dette varselet skal gå til rådmannen i Vanylven, med støtte av kommuneadvokaten. Varslaren fekk opplyst av rådmannen at det var sendt til Vanylven. Varslaren tok kontakt med rådmannen i Vanylven som ikkje hadde fått varselet, sjølv etter ca 3 veker. Kva hender?»

«Sist helg vart eg gjort merksam på at rådmannen i Herøy er meld til politiet. I dei etiske prinsippa til kommunen i punkt 7d kjem det fram at alt ved mistanke om lovbrot skal forholda meldast til politiet. Etter det eg forstår har det ingen samanheng med varselet frå B.M. Aasen, men er tufta på andre graverande forhold over fleire år. Det er fleire involverte, men ein sentral person i fleire titals forhold er dagens rådmann.»

– Er det slik Herøy kommune ynskjer å framstå?

Kjell Runde avsluttar spørsmålet til kommunestyret slik:

«Kan vi som kommunestyre sitje og stillteiande godta at dei etiske prinsippa vert brotne av toppleiinga vår, og at serviceplakaten ikkje ser ut til å gjelde for alle? Kva signal sender vi då ut til innbyggarane våre og til dei tilsette i Herøy kommune? Er det slik Herøy kommune ynskjer å framstå?»

– Udokumenterte skuldingar

Vestlandsnytt har vore i kontakt med rådmann Olaus-Jon Kopperstad, for å gi rådmannen moglegheita til å svare på det som må karakteriserast som alvorlege skuldingar.

Han skriv:

«Rådmannen kan ikkje- og ønskjer ikkje å drøfte eller svare på konkrete forhold i slike saker, verken i lokalavisa eller i kommunestyret. Runde kjem med ei rekkje skuldingar som er udokumenterte, og som etter mi meining så langt framstår som feilaktige og grunnlause.»

«Rådmannen er opptatt av at Herøy kommune skal vere ein god og trygg arbeidsplass, og det meiner eg at kommunen også er.»

Om Runde kan dokumentere påstandane stiller saka seg derimot annleis, skriv rådmannen.

«Dersom Runde skulle klare å kome med konkrete forhold og fakta i enkeltsaker, så vil desse forholda naturlegvis bli undersøkt nærare på vanleg måte som i andre saker.»

Ikkje meld til politiet

Når det gjeld påstanden om at rådmann Kopperstad er meld til politiet seier Kopperstad at han ikkje er kjend med at han, eller nokon andre i Herøy kommune skal vere melde til politiet. I ein e-post frå politiet til Kopperstad, som rådmannen har delt med Vestlandsnytt, står det også:

«Jeg søker på ditt navn og det er pr dags dato ikke registrert noen anmeldelse på deg», skriv politiet til Kopperstad.

– Opplevd som personangrep og rein «trakassering»

Avslutningsvis i sin kommentar skriv rådmannen:

«Heilt til slutt; Eg som rådmann synes det er svært leit å bli utsett for denne type skuldingar- både i form og i innhald, og skuldingane frå Runde vert opplevd som personangrep og rein «trakassering». Det burde Runde halde seg for god til å gjere.»