Tussa melde fredag at selskapet har eit driftsresultat på 119,3 mill. kr første tertial 2019, og eit resultat før skatt på 118,6 mill. kr. Det representerer ein auke i driftsresultatet i høve til same periode i fjor på heile 89,5 mill. kr.

Omsetninga første tertial vart 467,2 mill. kr, totalkapitalen er 2 982,9 mill. kr og eigenkapitalprosenten er 31.3 %.

Konsernsjef i Tussa, Elling Dybdal, forklarar den sterke auken slik:

– Hovudårsaka til auken i driftsresultatet er auka kraftproduksjon, høgare kraftprisar og lågare andre driftskostnader. I 2018 var Tussa kraftverk på Bjørke under rehabilitering, og stod difor i to månader i første tertial.

Tussa Energi AS, som eig og driv Tussa sine 22 vasskraftverk, er den store bidragsytaren til auken i resultatet. Men også Mørenett og Tussa IKT aukar resultatet i høve til første tertial i fjor. Tussa-24 viser lågare resultat, medan Tussa Installasjon AS viser same resultat som i fjor.