Det var kanskje ikkje så mange som trudde at Orgelsommar ville vare så lange. Men fenomenet har synt seg å få godt fotfeste. Det skjer takka vere eit godt opplegg, fin tilrettelegging frå arrangørar og det lokale husmorlaget som steller til med mat og drikke, og ikkje minst; gode aktørar.

Innleiingsvis, før den nittande Orgelsommar vart sungen i gang, fekk Sjur Sæter frå Herøy kyrkjekor ordet. Han kunne fortelje litt om songsolisten som deltok denne dagen, og varsla at publikum ville få ei oppleving.

Herøy kyrkjekor og Sande kantori har samarbeidd før, og det kunne vi høyre då dei var i gang med framføringa. Gode harmoniar, damekorstemmene separat og mannskorstemmene åleien, og dessutan når dei blanda seg.

Kora opna med ”Himlen Blåner”, ein norsk folketone frå Halden, og følgde opp med salmen ”Gud, vær oss nådig”, til tekst av Svein Møller (halvt sandssokning og halvt herøyværing).

Deretter var det både koret og solist Louise Engeseth sin tur. Ho vart fødd om lag då Orgelsommar vart skipa tidleg på 2000-talet, men trass sin unge alder synte ho ei meistring og ei trygg song-glede som er til å ta av seg hatten av. Grieg-stykka ”Våren” og ”Solveigs song” sat som eit skot, med ei innleving på den siste som er Solveig og Peer Gynt verdig.

Så føgde Volda-jenta opp åleine, med meir norsk. Trillande fine songar til melodi av Halvdan Kjerulf; ”Vidste du vei”, ”Længsel” og ”O, vidste du bare”.

Heile konserten var til tonefølgje av Herøy-organist Dag Johan Flattun. Han hadde også ein eigen solo-sekvens på orgelkrakken. Flattun hadde henta fram Mendelssohn sin ”Orgelsonate n. 4”, som består av fire avdelingar. Det starta sterkt og mektig med ”Allegro con brio”, etterfølgd av dei vare og rolege ”Andante Religioso” og ”Allegro” før avsluttinga var minst like mektig som starten, med ”Allegro Meastoso e vivace”.

Felleskoret vart denne gongen leia av kor-nestor Inger Vikene, sidan Ines Vatne måtte trekke seg på kort varsel. Dei hadde ei lenger avdeling midtvegs i programmet. Her fekk vi ”Sommarpsalm”, ”Å denne kilde”, ”Må Gud velsigne dere” og ikkje minst den nydelege tolkinga av ”Panis Angelicus”.

Mot slutten var sopran Engeseth frampå igjen, med to songar frå ”Barnets Vårdag” (Backer Grøndahl), ”Vårmorgen i skogen” og ”Mot kveld”. Avrundinga av konserten, frå Engeseth, var ikkje mindre enn heilt nydeleg. Her gjorde ho ein sving til utlandet, etter mange norske perler, og framførte Mozarts ”Laudate Dominum”. Vakkert, vakkert.

Enno var det litt tid før alt var over. Til konsertane høyrer det nemleg med eit sosialt aspekt som ikkje skal undervurderast; mat og drikke. Lokale damer syter til kvar konsert for kaker smørbrød, kaffi og saft som dei tilreisande kan kose seg med.

Onsdag 3. juli er det ny konsert i Orgelsommar 2019. Då blir det både orgel og strengeinstrument å høyre.