Formannskapet i Herøy kom denne veka med si tilråding til den pågåande ruteendringsprosessen.

Før møtet hadde rådmannen levert ei tilråding om at Herøy kommune skal levere innspel om å få ekspressbussen frå Ålesund via Garnes, noko kommunane på Søre Sunnmøre har hatt ei arbeidsgruppe som har jobba med.

– Argumentet her er at det er betydeleg fleire som vil bli kopla på timesekspressen om han går via Garnes, då det er langt fleire passasjerar her enn på Vartdalsstranda, kommenterte rådmann Kopperstad.

Han tilrår også å fylgje ungdomsrådet sitt ynskje om å få eit busstilbod frå Moltustranda som korresponderer med 06:30-bussen frå Stoksund.

Ungdomane ynskjer også at Herøy kulturhus blir ein fast stoppestad for bussruter til og frå Fosnavåg.

Formannskapet støttar alle forslaga, og kjem også med eit eige om at bussavgangane bør gå via Eggesbønes.

– Det er mange som bur i området, og som no må gå heilt til Cash, sa Camilla Storøy (KrF).

Kommunestyret får saka på bordet komande torsdag.