Sande er mellom kommunane i fylket som hadde det lågaste sjukefråværet i fyrste kvartal. Fem prosent fråvær er godt under både fylkesgjennomsnittet på 5,8 prosent og landsgjennomsnittet på 5,5 prosent.

For eitt år sidan hadde Sande eit sjukefråvær på 5,4 prosent, og nedgangen siste året har vore på 7,3 prosent. Berre eit fåtal kommunar i fylket har hatt ei betre utvikling enn Sande siste året.

Også i Herøy er sjukefråværet lågare no enn for eitt år sidan, men framleis ligg Herøy over fylkesgjennomsnittet. Nedgangen siste året har vore på 0,3 prosentpoeng eller 4,8 prosent.

Tala for dei andre kommunane på Søre Sunnmøre er slik: Ulstein 5,1, Hareid 5,5, Vanylven 6,7, Volda 6,3 og Ørsta 6,8 prosent.

For fylket samla har sjukefråværet lege stabilt på 5,5 prosent dei siste tolv månadene.

– Eit viktig tiltak for å redusere sjukefråværet er at NAV, i samarbeid med arbeidslivet, no styrkar innsatsen mot utvalde bransjar med høgt fråvær, seier NAV-direktør Stein Veland.