I fire år har grunneigarane prøvd å få regulert den store eigedomen sin til næring. Dei starta sin eigen reguleringsprosess, men kom ikkje vidare då politikarane sa at kommunen skulle stå for reguleringa. Det vart òg vedteke at kommunen skulle gå i forhandlingar om grunnkjøp for seinare å regulere og legge til rette for tomtesal

Men så dukka det opp eit anna prosjekt som kommunen såg som viktigare, kalla strategisk kjøp av næringsområde. Det var der kommunen ville bruke pengane som var tiltenkt det første grunnkjøpet. Men det strategiske grunnkjøpet har heller ikkje blitt noko av.

Vi som grunneigarar i Myrvåg er framleis interesserte i at det vi har av eigedom skal bli lagt til rette for utvikling av næring. Når ikkje vi sjølve får høve til å regulere området, og Herøy kommune har sagt at dei vil regulere, så etterlyser vi framdrift etter nesten fire år.

Kva skjer, spør Arnstein Andersen på vegner av grunneigarane i eit nytt innspel til kommunen.