Molde held att, men lokalt engasjement trykkjer på. Og pengar er lite av. Slik kan kampen for bruer, ferjer og gode trafikale løysingar oppsummerast.

Prosjektet med Nerlandsøybrua heldt på å utvikle seg til ei farse, før eit samla lokalsamfunn, med politikarane i Herøy i spissen, fekk sett ned foten for endå ei tidkrevjande utgreiing. Om brua skulle bli planlagt etter endå eit alternativ, med langvarig reguleringsarbeid ein ikkje ville vite resultatet på, kunne prosjektet ha fått eit alvorleg tilbakeslag.

Difor er det gledeleg at fylkespolitikarane no innser alvoret i saka, i relasjon til tidspresset ein trass alt jobbar under, og går for den reguleringa Herøy kommune har utarbeidd.

Gledeleg er det også at eit samla samferdselsutval har forkasta den negative tilrådinga frå samferdselssjefen, og vil utgreie moglegheita av å tilrettelegge for ei nyare ferje på Larsnes-sambandet. Medan Nerlandsøybrua står for fall, er det tilfelle også med Voksa ferjekai. Her bør ein få til straksløysingar som er varige, samt at at nyare materiell blir sett inn.

Moglegheita til å slå to fluger i ein smekk er så tydeleg at ein ikkje kan la denne sjansen gå frå seg.

Mindre gledeleg er det som har skjedd med tilfellet Jensholmbrua. Denne brua står også for fall, og må snarast råd erstattast av ei ny. Det er grensar til ein skandale at ikkje ei ny bru som skal vare i mange tiår, ikkje blir planlagt og bygt med gang- og sykkelvegfelt. Kåre Jensholm har eit kjempepoeng når han fortel at det skal fyllast ut tusenvis av kubikkmeter stein til den mellombelse brua som skal på plass. Denne steinen skal nemleg fjernast igjen, når nyebrua står.

Det er ikkje lokale handelsmenn eller politikarar som har ansvaret for at vi har tidsmessige bruer eller ferjeløysingar. Vegvesenet og fylkeskommunen har ansvaret for slikt, og det må dei ikkje springe ifrå.