Det er i alle fall håpet til leikongaren Johan Langberg Vattøy og frøystadværingen Håkon Johan Sævik, som saman med kompisen og bergensprodusenten Håkon Ree, nyleg har mekka i hop nokre rimeleg friske sommar-strofer.

– Det heile starta på eit middagsbesøk heime hjå kompisen vår, Håkon Ree. Vi skulle eigentleg spele Call of Duty, men vi kunne ikkje finne kontrollane. Vi blei derfor sitjande og sjå på musikarar på YouTube som laga musikk på ein time, ei sokalla «one hour challange». Plutseleg sat vi der og mekka sommarlåt sjølve.

Det fortel Håkon Johan Sævik frå Frøystad om den heller kreative stunda i kompisen sitt heimestudio i Bergen.

– Det tok oss litt meir enn ein time, men etter 3–4 timar sat vi at med eit resultat vi alle eigentleg var godt nøgde med. Ree har laga musikk før og er ein flink musikkprodusent, seier Sævik.

– Vi starta med nokre akkordar, skreiv tekst, og deretter laga vi melodien, alt mens vi sat i studio og jamma.

Slik blei altså sommarlåten «Coconuts» til. No ligg den ute på Spotify der den i skrivande stunde har passert godt over tusen avspelingar.

Rappar på dialekt

– Men kva handlar denne songen eigentleg om då, Sævik?

– Ja, sei det. Det er fyrst og fremst ein låt som skal formidle sommarstemning og ein sommarleg bodskap. Samtidig er den meint å vere litt humoristisk ved at rappen kommentarar sjølve låten og prosessen bak den, forklarar Sævik, som sjølv er vokalist på refrenget i låten. Han held fram:

– Heile prosessen var utruleg artig, og vi hadde vel aldri ein klar plan på det. Likevel meiner eg det funkar.

Sjølve rappebiten er det Johan Langberg Vattøy som står for. Leikongaren rappar faktisk på sunnmørsk, eller med den «deiligaste dialekta på jord», som han sjølv syng i låten.

– Eg har aldri rappa før, og iallfall ikkje på sunnmørsk. Men eg har alltid vore ein som pratar veldig raskt, så eg tenkte eg kunne prøve meg når vi fyrst skulle lage ein låt. Teksta er litt tilfeldig, då eg skreiv den relativt fort undervegs, medan vi styra på. Men det å få fram litt kraftige sunnmørske ord og uttrykk var vel det som skulle vere kontrasten frå eit engelsk refreng, som blei veldig gøy.

– Positive tilbakemeldingar

Reaksjonane på prosjektet har heller ikkje latt vente på seg.

– Eg har iallfall fått mange positive tilbakemeldingar frå venner og familie, og det er veldig kjekt, seier Sævik.

Dette er den fyrste musikken dei tre har laga i lag. Sævik kan elles ikkje seie noko om det kjem meir musikk frå trioen etter kvart.

– Vi kan no ikkje utelukka det, men vi har heller ikkje booka konsertar enno, seier Sævik, og ler.

Musikklærarar

For karane er dette også eit lite punktum for no å ha levert inn sine bachelorgrader i lærarfaget. Om eitt år er dei alle ferdig utdanna lærarar med spesialisering i musikkfaget. Dei tre studerer saman i Bergen.