– Store steinar landa ved huset vårt, og den næraste personen oppheldt seg ca. ti meter frå der den største steinen landa. Denne steinen vog nær seks kilo og bora seg 20 centimeter ned i jorda.

Det skriv Espen Bårdsnes Djupvik i ei melding til kommunen om hendinga. Her opplyser han òg at entreprenøren er meld til politiet for den uforsvarlege sprenginga.

Berre to dagar seinare blei det sprengd ei ny salve om lag 250 meter frå Djupvik sitt hus. Han hevdar begge desse salvene blei sprengde utan overdekking.

No spør Djupvik om det er slik Herøy kommune ønskjer å gjennomføre prosjekta sine som byggherre, på ein måte som gjer at folk fryktar for livet i sin eigen bustad.