Ordførar Arnulf Goksøyr (H) var rask til å ta ordet då Dale endeleg leverte gladmeldinga.

– Dette har vore ein lang prosess. Første gangen eg høyrde om planane var i 2002. I 2008 trudde vi at det var i boks, men nei. Vi har likevel gått på med friskt mot, og no står vi her. Det er fantastisk gledeleg. Dette vil gi mange fleire moglegheita til å kome inn å nytte hamna, sa Goksøyr.

Til Vestlandsnytt seier ein storfornøgd ordførar at han er glad løysinga er på plass.

– Det har vore enkle argument for å utdjupe hamna. Det er viktig at vi legg til rette for bedriftene i framtida, og då tenkjer eg spesielt på notbøteriet og Fosnavaag Pelagic, seier Goksøyr.

– Og så er eg veldig fornøgd med at vi fekk det på plass i mi ordførarperiode, smiler den avtroppande Høgre-representanten.

– Skal ikkje gå utover ordinær drift

Goksøyr meiner Herøy kommune har den nødvendige ryggrada til å tole ei såpass stor investering.

– Vi har 50 millionar i frie midlar, dei kjem godt med her. Det er veldig viktig å seie at dette ikkje skal gå utover ordinær drift, seier Goksøyr.

Han opplyser elles at Herøy kommune no må få fullført reguleringsplanen for indre hamn så fort som råd, slik at prosjektet kan lysast ut på anbod tidleg i 2020.

Goksøyr er også glad for den gode dialogen kommunen har med grunneigarane på hamna, og fortel at dei har gitt signal om at dette ikkje skal bli vanskeleg.

– Vi fekk overtyda dei

Det er ikkje berre Goksøyr som har kjempa hardt for hamna den siste tida, også samferdselsministeren sine partifellar Solveig Båtsvik og Karl-Oskar Sævik har gjort ein stor innsats.

Sistnemnde nytta også høvet til å slenge ein kommentar til ministeren under seansen på Fosnavåg hamn.

– Du blei positiv etter kvart!

– Når eg byrja å svare meiner du, repliserte Dale.

Sævik og Båtsvik fortel at dei for alvor blei optimistar då finansminister Siv Jensen (også Frp) fann ekstra pengar i budsjettet like over nyttår.

– Solveig har jobba veldig godt inn mot Siv, og overtydd ho til å finne meir pengar, seier Sævik.

– Men det har vore eit tverrpolitisk samarbeid dette. Alle har vore flinke til å mase på sine. Men sidan det er vi som har ministeren har vi nok tatt eit ekstra ansvar, seier dei lokale Frp-politikarane.

Varaordførar Camilla Storøy (KrF) var også i svært godt humør, og nytta høvet til å vise si takknemlegheit.

– Vi har likt deg før, men no likar vi deg endå betre!, sa ho til samferdselsministeren.