Axel Bjørklid får starte opp planarbeid i Sævikane

Kritikk mot ordførar Arnulf Goksøyr: – Knapp og arrogant

Ordførar Arnulf Goksøyr (H) blir omtala som «knapp og arrogant» etter ei hastig synfaring i Sævikane denne veka. Men sjølv om Goksøyr er svært skeptisk til planane i området, røysta han likevel for at tiltakshavaren får starte planarbeidet.
Nyhende

Formannskapet i Herøy tok denne veka turen til Sævikane for å gjere seg betre kjend med området der tiltakshavar Axel Bjørklid vil etablere tre bustadar, fire fritidshus for utleige, fire naust og ei badstue. I søknaden legg tiltakshavaren stor vekt på at han vil spele på lag med naturen. Området Bjørklid vil bygge i blir lokalt omtala som «Bakarneset».