Meir spesifikt kjem Jon Georg Dale til Fosnavåg for å halde eit pressetreff om Fosnavåg fiskerihamn, heiter det frå Samferdselsdepartementet i eit presseskriv sendt ut torsdag. Med det Vestlandsnytt erfarer er det også endå fleire politikarar som vil vere til stade under seansen. Kombinerer ein dette med vekas utspel frå Frp i Herøy sin ordførarkandidat Karl-Oskar Sævik, om diskusjonane han har hatt med samferdselsministeren om hamnesaka, er det nærliggande å tru at det fredag vil kome eit svar på om Fosnavåg hamn er kome med i forskoteringsordninga. Kanskje er svaret også noko som kjem til å glede herøyværingar?

Dette er saka så langt

Som kjent er dagens hamn i Fosnavåg ikkje i stand til å møte djupnekrava som framtidas fiskeflåte vil krevje. Derfor ynskjer Herøy kommune å sikre framtida for næringslivet i Fosnavåg ved å fjerne dei forureina massane frå hamna og plassere desse i deponi som kan gi etterlengta areal til industri- og byutvikling.  Dei ynskjer også at innseglinga og hamnebassenget skal få auka djupne. Over deponiet for indre hamn er det reguler inn ny kai og utvida næringsareal. I ytre del av hamna er det planlagt ein ny bydel, med bustadområde, sentrumsareal og ei ny hamn.

Prosjektet var ikkje mellom dei heldige då departementet plukka ut tre kandidatar til å vere med på det ekstraordinære forskotteringsopplegget for fiskerihamn-utbyggingar, der Herøy kommune var ein av pådrivarane til ordninga. Den blei innført som ein siste sjanse for statleg finansiering av fiskerihamneutbyggingar før fylkeskommunane tek  over ansvaret frå 2020. Det skjedde etter at Fosnavåg hamn, i motsetning til Gjerdsvika, ikkje kom med under den siste tildelinga av ordinære hamneutbyggingsmidlar til prosjekt som var inne på nasjonal transportplan i 2018.

Herøy kommune fekk ein ny sjanse då Stortinget gav løyve til kommunal forskottering og sette ei ramme på 350 millionar kroner til den nye eingongsordninga. Men forskotteringsordninga, som medfører at kommunar kan forskottere prosjekt mot tilbakebetaling frå staten i ettertid, vart eit nytt vonbrot då Herøy kommune sin søknad om Fosnavåg hamn ikkje var mellom dei tre prioriterte for forskottering. Denne gongen var Senjahopen, Gamvik og Gjøsundet dei som blei valde ut til nærare forhandlingar om forskottering.

Forskotteringsordninga viste seg å vere så populær at det kom inn heile 11 søknader med ei samla ramme på 1,4 milliardar kroner. Den store interessa førte til at Stortinget fann å måtte auka løyvinga til 550 millionar kroner. Det skjedde heilt på tampen av budsjettarbeidet før jul, og det er innafor dei nye 200 millionane Fosnavåg hamn har siste sjansen til å kome med. Det siste spørsmålet er naturlegvis, kjem Fosnavåg hamn med i forskoteringa? Vil Dale kome med ei avgjersle i saka på fredag?