I førre veke blei det kjent at Entec Group AS, der Kvamsøy-bedrifta Brimer AS er eit av driftsselskapa, har inngått ein intensjonsavtale om å slå seg saman med Evotec.

Samanslåinga etablerer dermed Entec Group som eit større og sterkare konsern. ENTEC Group vil bestå av driftsselskapa Evotec AS, Brimer AS og ServiTech AS. Desse selskapa er 100 % eigd av Entec Group AS.

Dei tre selskapa i konsernet komplimenterer kvarandre når ein kjem til kva produkt dei leverer.

Evotec er store på handtering og vinsjeløysingar, Servitech tek han om maritime røyrinstallasjonar og Kvamsøy-baserte Brimer lagar kar og tankar i komposittmateriale. Selskapa har nær 170 tilsette til saman og i 2018 ein omsetnad på kring 300 millionar. Målet er å vekse både når det gjeld folk og ulike marknader.

– Vi blir no ein betydeleg maritim aktør innanfor marknadar som seismikk, fiskeri, akvakultur, offshore, forskingsfartøy og cruise, under merkevarene Evotec og ServiTech.

– Innanfor prosessteknologi vil vi halde fram utviklinga innan marknadssegmenta vatn og avløp, landbasert oppdrett, samt industri og fiskeri under merkevarene Brimer og ServiTech. Entec er, og skal framleis vere ein sterk kompetansepartnar for våre kundar, der vi saman utviklar og leverer gode, kundetilpassa løysingar, sa Haanes, dagleg leiar i Entec Group.

Styrking

Det er hovudsakleg i Ulsteinvik ein vil merke samanslåinga. På Kvamsøya vil ting halde fram som før for Brimer.

– Samanslåinga vil ikkje ha veldig mykje å seie for Brimer. Bedrifta og arbeidsplassane på Kvamsøya vil bestå, seier Haanes i ein samtale med Vestlandsnytt.

Brimer har hatt gode tal dei siste åra, og ser ut til å ha lagt bak seg den tøffaste tida.

– Brimer har vore heldige dei siste året i forhold til marknaden. Ordrane kjem ikkje alltid som ei flat kurve, men hovudmelodien er god for bedrifta, held Haanes fram.

Han kan elles fortelje at bedrifta nyleg har auka arbeidsstokken, fleire av dei på Kvamsøya.

– Vi har gått frå sju til 12–13 montørar, og eit par nye tilsette i produksjonen som er frå Kvamsøya.

Brimer AS har i dag om lag seksti tilsette, ei vesentleg industribedrift i lokal og regional målestokk.

Kompetanse på tvers av bedriftene

Eit anna aspekt ved samanslåinga som Haanes peikar på, er moglegheiter for samarbeid bedriftene seg i mellom.

– No som vi er fleire, sit vi på meir kompetanse vi kan utnytte på tvers i konsernet, og eg ser for meg at dei ulike driftsselskapa kan utveksle kompetanse og lære av kvarandre, avsluttar Haanes.