– Skipet skal arbeide på ein brønnbasert kontrakt for Lundin, fortel befraktningssjef i Bourbon Offshore Norway Arnstein, Lystad til NETT NO.

Før det tretten år gamle skipet nyleg vart teke ut på spekulasjon, hadde det lege i godt over to år i opplag på Fiskåholmen. Og no er altså den fyrste kontrakten på lang tid i boks.

For Lundin skal skipet fyrst vere med på «Jorvik-Tellus»-brønnen som Lundin borar no i Nordsjøen. Etterpå blir det fem korte gassbrønnar før ein lengre brønn som har fått namnet «Goddo».

– Litt avhengig av om det blir funn eller ikkje reknar vi med det fort kan bli både oktober og november før skipet er ledig igjen, seier Lystad.