– Vi har eit par snaksy ting på plakaten i år, i tillegg til dei tradisjonelle aktivitetane. Laurdag diskar nemleg Breidablik-gjengen opp med to heilgrilla grisar. Søndag blir det også mogleg å tilfredsstille smakslaukane, då vi har leitt fram den legendariske oppskrifta på sjokoladesnittar til bakar Reidar Haugen.

Det seier Landsbyhovding i Sande, Øystein Jarl Johansen, som er ein av dei som står i spissen for neste vekes storhende i landsbyen Larsnes. Fredag 21. juni- søndag 23. juni inviterer nemleg ein konstellasjon mellom landsbyrådet, Larsnes IL, Breidablik, Larsnes sogelag og Gamlebanken scene til eit Sumarsamkome 2019, og her er det litt av kvart på programmet. I tillegg til dei to kulinariske programpostane, vil den stolte tradisjonen by på aktivitetar for folk i alle aldrar. Fredagen er klubb og quiz stikkorda. Nytt av året er at det blir arrangert «miniklubb» i Larsneshallen for barn frå og med 4 år til 3. klasse, tidleg på kvelden. Etter det er det både juniorklubb og ungdomsklubb på Gamlebanken, og quiz for dei vaksne på Breidablik.

Innhaldsrik laurdag

Laurdagen er den dagen då det skjer mest. Forutan om gris-grillinga, startar dagen med historisk landsbyvandring der årets tema er gardar og folk i gamal tid på Kvalen. Utover dagen vert det arrangert fantetog etterfølgt av fleire aktivitetar på stranda. På landsbystranda vert det også arrangert eit eige «Jonsoksjåv» med konkurransar, allsong og noko heilt nytt som arrangørane har valt å kalle «alldans». Jonsokaftan vert avslutta med jonsokpub i festivalteltet.

Søndag startar med mosjon då «Larsnesmila» går av stabelen. Etter dette vert det middag og leik på Breidablik der det mellom anna vert sett opp eit hoppeslott. Heile helga vert avslutta med eit allmannamøte på Breidablik, der landsbyrådet ynskjer å informere om aktiviteten og planane for framtida.

– Vi gler oss til å invitere til storfest og håper det kjem folk frå fjern og nær, avsluttar Johansen.