- Dette lovar bra. Eg fekk tilbakemelding frå Charles Tøsse (H) i dag om at samferdselsutvalet no vil gå laus på å bruarbeidet i tråd med den reguleringa som kommunen har gjort. Dette er strålande, då det blir lettare å jobbe med relevante grep for å redusere kostnadane, seier Arnulf Goksøyr (H).

I vedtaket frå utvalet heiter det at det er ein føresetnad at kostnadane kring prosjektet vert redusert. Her vert fylkesrådmannen beden om å sjå på optimalisering av forholdet fylling/brulengde, optimalisering av brukonstruksjonen, optimalisering av ny konstruksjon inn mot dagens vegtrase for å minimalisere ny vegbygging, minimalisering av ny vegtrase og endra vegklasse. Økonomisk bidrag frå Herøy kommune er også ein føresetnad. Brua skal stå ferdig seinast 2023, heiter det vidare i vedtaket.

Heilt til slutt i vedtaket står det derimot, at dersom dette ikkje gjev vesentlege innsparingar for fylkeskommunen, må alternativet med parallell bru vurderast.

Må sjå på sparemoglegheitene

I fyrste omgang vel Goksøyr å sjå på dette som ein siger, men no må ein sette i gang arbeidet for å sjå på sparinga seier han.

- Her er fleire aspekt vi no må sjå på. Eit kostnadssparande alternativ er til dømes at ein kan redusere fartsgrensa på vegen til 60-sone. Ein vil kanskje også måtte ta diskusjonen om 6 prosent mot 8 prosent stigning, forklarar Goksøyr.

Ein ting er Goksøyr derimot klar på. Brua blir inkje mindre enn ei kvalitetsbru, noko anna kjem ikkje kommunen til å akseptere forsikrar han.

Forslaget skal framleis vedtakast i fylkestinget, men Goksøyr seier signala er positive for at dette vil gå vegen.