– Det er nesten slik at ein ikkje klarer å tenke på dette utan å bli dårleg i magen av det. Desse monstera skal øydelegge naturen vår, noko av det finaste vi har. Dei drep masse insekt og fuglar. Det vil vere ein total destruksjon av ein flott fauna, sa Båtsvik mellom anna.

Ho la deretter til at det ikkje er mogleg å få sagt eit sterkt nok nei.

– Eg har lest ein del om dette, og vi får ikkje noko utbytte av det. Vi finansierer utbygginga over nettleiga, også kjem utanlandske selskap og kjøper opp. Blir dette tvinga på oss er det ei enorm tragedie. Kva er miljøgevinsten? Dette er totalt ufornuftig. Det finnast andre måtar å lage rein energi. Vi har snakka mykje om turisme, og så har vi tenkt å øydelegge det folk vil sjå, meinte ei svært engasjert Båtsvik.

Innlegget frå Frp-politikaren fekk brei støtte i eit formannskap som tydeleg er store motstandarar av vindkraft, i alle fall lokalt.

– Eg vil ikkje at formannskapet skal vere samrøystes i at vi forbannar vindkrafta, for eg trur moder jord treng den. Men vi må få den langt vekk. Eg vil at ein skal leggje til rette for det i landa lengre sør, meinte Jens Terje Johnsen (Ap).

Betre å effektivisere vasskraftanlegga

Svein Gjelseth (Ap) sa seg forundra over at NVE no vil bandlegge massive landområde for vindkraft.

– Tenkjer vi på kraftforsyning så veit vi at vi er sjølvforsynte av vasskraftanlegga våre. Når ein også tenker på at dei er gamle, og kan bytast ut med nye og meir effektive, så kan dei produsere mykje meir, sa Gjelseth.

Han meinte i likskap med Johnsen at om ein først skal satse på vindkraft så er det andre område som er betre eigna.

– Skal vi ha vindkraft må det vere til havs, og det langt til havs. Her hadde vore ei moglegheit om ein tenkte meir i dei baner, og eg synest det er rart at staten ikkje har gjort det, sa Ap-veteranen.

Noko Bjørn Otterlei (H) sa seg samd i.

– Vi bør undersøke kva det kostar å få dette langt ut til havs, så langt at det er lite sjøfugl. Men med dei kostnadane som er på land, bør vi ikkje vurdere, meinte Otterlei.

– Vil halde det vekk frå seg sjølv

Kjell Runde (Folkelista) ville derimot ikkje ha vindkraft i det heile.

– Vi treng ikkje vindkraft, heller ikkje til sjøs. Vil tyskarane eller sveitsarane ha vindkraft har dei areal sjølve. Men det er sterk motstand mot vindkraft både i Sveits og Sør-Tyskland, hevda Runde.

Han kom også med eit lite stikk i retning NVE.

– Eg merkar jo meg at dei ikkje vil ha noko aust for Kristiansand. Dei vil halde det vekke frå seg sjølve, sa Runde.

Takka for innbyggarinitiativet

Tine Storøy (H) sa seg heilt einig i at vindkraft ikkje høyrer heime på Sunnmøre, og var samtidig glad for at dei som politikarar er på linje med innbyggjarane.

Ass. rådmann Andreas Nørve meinte at ein kanskje burde vise at innspela frå innbyggjarane betyr noko.

– Eg tenkjer at vi bør vise til innbyggjarinitiativet i vårt høyringssvar. Så er det eit anna spørsmål om ein skal gjere som Sande og be NVE om å forkaste heile vindkraftprosjektet, sa han.

Dermed enda formannskapet opp med dette forslaget til høyringssvar:

«Herøy kommunestyre krev at område for landbasert og kystnær utbygging av vindkraft på Sunnmøre blir teken ut av planen, og viser til innbyggjarinitiativet om å seie nei til vindmøller på Sunnmøre.»

Kommunestyret får saka på bordet torsdag 20. juni, og gjer då endeleg vedtak om Herøy kommune sitt syn på ei eventuell vindkraftutbygging på Sunnmøre.