Årvik-ferja best i regularitet

Ikkje noko ferjesamband i fylket hadde så god regularitet som Årvik-Koparnes i 2018.

BEST: Sambandet Årvik-Koparnes hadde den beste regulariteten av ferjesambanda i fylket med berre to innstilte avgangar.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Berre to av Årvik-ferja sine 23.114 avgangar måtte innstillast i 2018. Til samanlikning hadde sambandet Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøy 35 innstilte avgangar av til saman 20.841. Men sambandet får likevel hundre prosent i regularitet. Servicenivået i dette sambandet var 99,6 prosent, mot 99,9 prosent for Årvik-ferja.