– Heilt ifrå det blei løyvd ekstra midlar til forskottering av fiskerihamner har eg og Solveig Båtsvik jobba hardt opp imot samferdsleministeren. Vi har sendt fleire e-postar og konfrontert Jon Georg Dale med omsyn til hamna ved kvar anledning, seier Karl-Oskar Sævik (Frp) til Vestlandsnytt.

I det siste meiner ordførarkandidaten for Herøy Frp at svara frå «Goggen» har blitt meir håpefulle.

– Eg trur faktisk at vi skal greie å få Fosnavåg hamn med i forskoteringsordninga, seier Sævik optimistisk, og held fram.

– På landsmøtet i år hadde eg og Jon Georg ein god samtale om hamna. Der kom det fram at det kjem ei avgjersle i saka før sommaren. Eg forventar svar ganske snart.

Fosnavåg hamn var ikkje mellom dei heldige då departementet plukka ut tre kandidatar til å vere med på det ekstraordinære forskotteringsopplegget for fiskerihamnutbyggingar.

Herøy kommune var ein av pådrivarane til ordninga, som blei innført som ein siste sjanse for statleg finansiering av fiskerihamneutbyggingar før fylkeskommunane overtek ansvaret frå 2020.