Frode Sævik flirer litt i det han ser over salsstatistikken for bedrifta dei siste månadane. For kven skulle trudd, i vesle Fosnavåg, at ei nisjebedrift som Bass Brothers skulle oppleve ein så eksplosiv vekst. Så langt i år har nemleg nettbutikk-salet, kombinert med utsalet lokalt, sytt for 62 prosent omsetningsauke for Sævik og dei tilsette.

Det var i januar og februar det verkeleg tok av, og det ser ut som galskapen held fram.

– I fjor omsette vi for 8 millionar. Om dette går som planlagt, vil vi klatre opp mot 12–14 millionar i år. Det er litt spesielt og ein kontrast til kva ein elles høyrer om lokalbutikkar, seier Sævik, eigar og dagleg leiar for bilstereobutikken.

Bygger ut lokala

At dette er ein gledeleg situasjon er det ikkje tvil i, seier Frode. Men med slik vekst kjem det også ein del meirarbeid.

– Ja, no må eg og familien på leit etter ein stad å bu. Vi har budd i etasjane over butikken, men med slik vekst blir vi nøydde til å ta i bruk heile bygget til forretninga.

For no treng dei nye kontor, møterom og, ikkje minst, lagerplass. I underetasjen skal det også byggast ut 100 kvadratmeter med ekstra monteringslokale.

– Vi har nyleg tilsett Jonathan Sævik i fast stilling for betre å kunne takle etterspurnaden. No er vi i alt fire på jobben, og eg er framleis ikkje sikker på om det er nok, for vi tek stadig nye marknadsandelar frå våre konkurrentar, seier Sævik.

Derfor skjer det no, trur dei

At det skulle bli så kraftig vekst, hadde dei tilsette ikkje trudd, men dei har sidan 2009 sett ein stigande trend.

– Vi har hatt ein årleg vekst på om lag 25 prosent i bilstereo-segmentet i fleire år. At det no tek av, trur eg er fordi vi er flinkare med tilrettelegging av nettsida vår og at vi betre når ut med vår bodskap.

Sævik meiner suksessoppskrifta ligg i korleis bedrifta har tilpassa seg ei stadig meir nettbasert kjøpargruppe, både gjennom nettstaden, som dei stadig jobbar med å optimalisere, men også …

– Sosiale medium! Vi har blitt nokre resarar når det kjem til Facebook. Og med det meiner eg spesielt det å lære korleis Facebook og andre kanalar fungerer, så vi best kan vise vår kompetanse.

For det er kompetanse bedrifta vinn på i høve til konkurrentane, meiner Frode.

– Vi vinn marknadsandelar fordi vi er ein kompetent gjeng. Heile arbeidsprosessen vår når vi installerer bilstereo baserer seg på å samle data. Dataa brukar vi til å bli endå betre på det vi jobbar med: å installere og anbefale bilstereoanlegg.

Sævik forklarar at dette også går ut på å implementere kunnskapen i nettbutikken sin.

– Kundane skal få inntrykk av at det er vi som har mest greie på bilstereo ovanfor konkurrentane. Derfor jobbar vi heile tida med at nettstaden skal vise dette. Samtidig jobbar vi for at handleprosessen skal bli så straumlinjeforma som mogleg og best mogleg leseleg for søkjemotorar som til dømes Google.

– Eg undersel ofte produkta

Ein annan taktikk som Sævik og co. nyttar seg av, skil seg nok litt ifrå det tradisjonelle seljarar vanlegvis gjer.

– Om nokon kjem til meg og vil bestille den sværaste og dyraste stereopakken til bilen sin og eg ser at dette ikkje vil resultere i ei god løysing for deira bil, vil eg prøve å selje dei ein betre og kanskje også billegare pakke. Ein er nøydd til å tenkje langsiktig, og fornøgde kundar er det viktigaste, for det er slik vi skal halde fram med å vekse.

Ambisjonar om vekst

Og målet er nettopp det halde fram med å vekse.

– Det kjem til å bli ein del jobb, men vi er klare for å satse. Det betyr at vi no kjem til å måtte gjere nokre økonomiske løft. Her må eg få lov til å skryte av Sparebank 1 Søre Sunnmøre og lokalbanksjef Henning Karlsen. Dei er no ein vital samarbeidspartnar for dette løftet der eigarkapitalen nødvendigvis ikkje er kraftig nok.

Må ha tid til litt tøys

Sjølv om kvardagen er hektisk i den vesle bedrifta, betyr det ikkje at det ikkje er rom for litt moro.

– Å ja, vi «bjudar» på der det trengst. Spesielt på sosiale medium er det viktig å ikkje ta seg sjølv for høgtideleg. Vi lagar i ny og ned musikkvideoar og reklamefilmar i kategorien «tull». Eg meiner ein har alt å vinne på slikt. Om nokon i Kirkenes ser ein galning på Sunnmøre gjere noko sprell, så har dei iallfall sett oss og også fått ein smakebit på bedrifta, smiler Frode, som gler seg til å sjå kva resten av året har å by på for Fosnavåg-bedrifta.