– Vi har diskutert saka i partiet, og vi har kome fram til at det blir heilt meiningslaust å skulle legge ny gravplass inn i eit bustadområde som Grønhaugen. Vi må finne eit anna alternativ, seier Kvalsvik.

I den grad Folkelista kjem i maktposisjon etter valet, går ordførarkandidaten langt på veg i å love at det ikkje blir snakk om gravplass i Grønhaugen. Kvalsvik seier han registrerer ein del frustrasjon kring dette alternativet, og at han også forstår dei buande sin frustrasjon.

– Folkelista kjem til å kjempe mot det vi meiner er eit «hol i hovudet-prosjekt», seier han bestemt.

I Kvalsvik sine augo er derimot alternativet om ein gravstad på Frøystad langt meir realistisk.

– Dette kan sjå ut til å vere eit alternativ som er meir langsiktig og framtidsretta, og vi vil sjå nærare på denne moglegheita.