– Eg er jo berre so sprek. Mamma, pappa og bror min er langt, langt, langt bake i løypa her. Eg trur faktisk eg kjem til å kome fyrst, sjølv om eg har på støvlar. Men det var lurt da, for her er veldig vått.

6 år gamle Nathaniel Nymoen Hauge pratar som ein foss. Utan forvarsel spring han ifrå oss.

– Hei, du! Her er ein post til, kom å sjå om eg har bingo då. Ropar han litt lenger nede i skogen.

Det er fyrste pinsedag, og vêret har klaffa bra, trass i ein regndrope i ny og ne. Vestlandsnytt har slått følgje med unge Nymoen Hauge i det som er eit heilt fersk konsept i Haugsbygda, trimbingo.

Langs løypa treffer vi fleire folk, spesielt småbarnsfamiliar, alle med same misjon som oss, å samle inn tal på lodda for å få bingo. Tala er plassert ut på plakatar i to løyper i Haugsbygda, ei kortare og ei lengre løype som ein vel alt etter form og helse.

– Kjekt

Vi møter mellom anna to karar, Isak (12) og Jan-Erik (13). Dei står og ser konsentrert på bingolappane sine, medan dei samanliknar tala som står på ein av plakatane.

– Det er kjekt dette her, seier dei to, etter å ha fått kryssa av tala.

– Å få seg ein trimtur er aldri feil, sjølv om det er bingoen som er artigast då, seier Isak med eit smil.

Tommel opp frå desse karane altså. Og tommel opp skal ein ikkje sjå vekk ifrå at det er fleire som gir initiativtakarane i dag, folk ser nemleg ut til å kose seg. Vel, i alle fall med unntak av eit og anna barn som klagar over at sekken er litt vel tung, eller at den lange løypa er, ja … lang.

– Heilt overvelda

Etter vi omsider har kome oss i mål ved gamle Haugsbygda skule, leverer Nathaniel inn bingolappen sin – men dessverre, berre trøystepremie denne gangen.

– Men eg var rask då, gliser seksåringen, før han pilar av garde for å leike med ein kamerat.

Vi blir ståande att for å prate med dama som står bak ideen om trimbingo denne søndags føremiddagen, Sara Fugledal Wiik. Ho smiler breitt.

– Eg er heilt overvelda. Eg hadde ikkje trudd det kom til å kome så mange folk, seier ho, mens ho tel over kor mange bingolappar som er selde.

– 675 lappar, det er ikkje verst, bryt ho ut.

– Så dette fristar for gjentaking med andre ord, seier vi spørjande.

– Åh ja, dette kan bli ein tradisjon, seier dama som står ved sida av, leiar i Haugsbygda bygdeutvikling, Trine Lise Vik.

Det er dei som står bak arrangementet, også med betydeleg støtte frå Sparebanken Møre, den lokale Joker-butikken, Myklebust verft og Hakallegarden.

Inspirasjon frå Spjelkavik

– Eg har nyleg flytta heim til bygda, og no tenkte eg vi skulle gjere noko kjekt, seier Wiik.

Ho forklarar at ho blei kjend med konseptet frå Spjelkavik, der ho sjølv har delteke på eit liknande arrangement ein gong.

– Det ser ut til å vere midt i blinken for folk i alle aldrar, forklarar ho.

Pengar til gapahuk

– So må ein ikkje gløyme kva pengane går til, legg ho til.

Dagens inntekter går nemleg til å etablere ein heilt ny gapahuk i bygda, eit bygg som Haugsbygda bygdeutvikling håpar spesielt Haugslia barnehage vil ha stor nytte av.

Populær bamse

Dagen vert avslutta med besøk frå ein heilt spesiell gjest. Med blålys og sirener kjem brannbamsen Bjørnis køyrande i brannbil, saman med representantar frå Sande brannvern. Barna får tildelt brannhjelmar før dei får prøve å spyle med brannslangen, nok eit bra trekk frå arrangørane si side kan vel seiast.