I ein mail til Vestlandsnytt, signert Charles Tøsse (H) og Kristin Sørheim (Sp), ser det no lysare ut for Nerlandsøybrua. Den siste veka har vore eit turbulent kapittel for det omsnakka bruprosjektet, spesielt då fylkesrådmannen i Møre og Romsdal måndag rådde til at ny Nerlandsøybru blir bygd rett nord for eksisterande bru. Dette var samtidig ei fråråding av det regulerte brualternativet over småbåthamna, som er det alternativet Herøy har jobba med å få regulert dei siste seks åra. I ein intern mail kom det også fram at politikarane ynskja å kutte ytterlegare 70 millionar frå eit heilt nytt uregulert brualternativ.

Dette vakte sterke reaksjonar frå lokalbefolkninga og lokalpolitikarane.

Går for Herøy sin valte trasé

No ser vinden derimot å ha snudd i samferdselsutvalet. Dette skriv Tøsse og Sørheim til Vestlandsnytt:

«Vi er glade for den gode dialogen som har vore med ordførar Arnulf Goksøyr, med tanke på å finne ei god løysing for Herøy kommune og innbyggjarane der, samtidig som det må vere innanfor akseptable rammer for fylkeskommunen.

Vi håper derfor at vi i den vidare politiske prosessen kan forhalde oss til ei ny bru i den vedtekne traséen, samtidig som ein legg til grunn kostnadsreduserande tiltak som t.d optimalisering av fylling og brulengde, minimalisering av ny vegtrasé, endra vegklasse og ev. andre tiltak.

Signala frå Herøy kommune om økonomisk bidrag dersom ønska trasé blir valt, er også ein del av løysinga.

Med det som utgangspunkt meiner vi  at det då kan vere realistisk å gjere eit positivt vedtak i Samferdselsutvalet onsdag, der ein då legg føringar for ein god prosess saman med Herøy kommune, for å sjå på aktuelle kostnadskutt og økonomisk bidrag. Med det som ein føresetnad, meiner vi at prosjektet ny Nerlandsøybru kan gjennomførast i den ønska traseen og at alternativet med parallell bru kan leggast vekk.»

 - Charles Tøsse (H) og Kristin Sørheim (Sp)

Krav om å sjå på moglege kostnadskutt

Gledeleg er det nok for fleire å no sjå at politikarane no ser ut til å meine at ei ny regulering ikkje er rette vegen og gå, men dei er samstundes klare på at ein no vil mått leite etter moglege kostnadssparande tiltak for prosjektet.

- I ei tid med ein svært krevjande økonomisk situasjon for fylkeskommunen og med mange uløyste oppgåver som skal finne si løysing, vil alle investeringsobjekt ha eit krav på seg om gjennomgang for moglege kostnadskutt, skriv samferdselsutvalsrepresentantane vidare.