Vil skjerpe tare- fredinga enda meir

Taretråling  Foto: Arkiv

Nyhende

Syklusen for hausting av tare i Møre og Romsdal skal ikkje aukast med eitt år, men med to år. Det blei utfallet då fylkesutvalet hadde oppe forslaget til ny regional forskrift for hausting av tare. Det betyr ein syklus på sju år, i staden for fem som i dag. Fylkesutvalet støttar dermed mindretalet i arbeidsgruppa som har kome med tilråding til ny forskrift for tarehaustinga.