Elevrådet ved Herøy VGS engasjerer skulen til stor innsamlingsaksjon ...

Til barnelandsby i Kenya

Etter å ha høyrt om Spjelkavik-baserte North South Partnership Aid (NSP Aid) sin innsats med å bygge barnelandsbyar i Nairobi, ynskjer Herøy VGS å gi ei hjelpande hand til arbeidet. No frir elevane til næringslivet.

Elevrådet: Representantar frå Elevrådsstyret på Herøy vgs. fortel at skulen no er engasjert i eit innsamlingsprosjekt som har som mål å bygge ein heil barnelandsby i Kenya. Elevrådsleiar Tiril Torvik til venstre og Viola Andersson til høgre, skal etter kvart reise ned for å sjå framgangen til prosjektet. Her er dei med saman med elevrådsstyrerepresentant Jørgen Kløvjan Ringstad. 

Nyhende

– Den 18. juni engasjerer vi alle elevane på skulen til ein stor rydde- og innsamlingsaksjon. Då skal alle og ein kvar ut å rydde søppel og rot i kommunen.