Meir om «Hans Leonhardt»

Hans Leonhardt  Foto: Kvamsøy sogelag

Nyhende

Tysdag skreiv vi om «Hans Leonhardt»-eksplosjonen, som skjedde for 75 år sidan. Kvamsøy sogelag ved Randi Støylen sender oss eit bilde og fortel at dei i år har laga ei informasjonstavle til minne om hendinga. Det finst framleis mange jarnrestar spreidd rundt på øya.


Folk snakkar framleis om hendinga:

75 år sidan det store smellet

1. juni 1944 skjedde ein av dei mest dramatiske hendingane under andre verdskrig her til lands, på fjorden like aust for Kvamsøya.

 

– Nesten heile øya var dekt av sot og jarn. Eg hugsar at vi fekk 5 øre kiloen når vi samla inn jarn og leverte til båtar som kom og henta, opplyser Støylen. Det fine minnesmerket har fått ei høveleg plassering like ved butikken på øya.