Prinsippet om at kommunar som legg til rette for akvakultur, skal få betalt for dette, er i utgangspunktet veldig bra. Men:

Vår gjennomgang syner at det har vore betalt ut meir enn 90 millionar kroner til lokalitetar og anlegg som har lege brakk i mange år. Langt, langt utover dei to åra ein kan rekne som «slingringsmonn» for utbetaling tilbake i tid.

I januar 2018 vart det sendt eit brev til Fiskeridirektoratet sine seksjonar, der leiinga streka under kor viktig det er at lokalitetar som er utan drift, vert strokne frå registeret. Brevet var ein del av førebuinga til utbetalinga på 2,7 milliardar kroner frå Havbruksfondet hausten 2018, der 1. september var skjeringspunkt. Likevel skjedde det ein nærast kollektiv svikt.

Den første artikkelen om saka, publisert tysdag 28. mai, kom vi til eit anslag på rundt 50 millionar kroner som feilaktig har gått til kommunar opp og ned langs kysten. Etter fleire undersøkingar frå vår side syner det seg at talet er langt større.

Nokre kommunar har jamvel sikra seg store millionoverskot i 2018, takka vere feilaktige utbetalingar frå fondet. Enkelte tilskot har faktisk også gått til anlegg som aldri har vore i drift.

Den manglande kontrollen er sjokkerande dårleg. Saka bør undersøkast vidare av statlege kontrollmynde. Nokon må stillast til ansvar, ikkje minst for å hindre at slikt skjer igjen. Fiskeridirektoratet sin kommentar til saka kan reknast som eit forsøk på tåkelegging.