Litt mindre skatt og avgift enn i 2017

Illustrasjon:  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Herøy kommune fekk ifylgje skatterekneskapen inn til saman 1.231 millionar kroner i skattar og avgifter i 2018, mot 1.240 mill. kroner året før. Det var innbetalinga frå upersonlege skattytarar som gjekk ned, medan personlege skattytarar betalte inn om lag 16 mill. meir enn året før. I arbeidsgivaravgift blei det betalt inn 291 mill. kroner som var om lag 8 mill. kroner meir enn i 2017.