Teknisk eining i Sande kommune har gitt løyve til felling av skadegjerande grågås i Gjerdsvika.

Trond Kristian Hide, Morten Brekke og Geir Johan Gjerde har fått løyve til å felle totalt ti gjæser på sine eigedomar. Tidsrommet for felling gjeld i perioden frå 23. mai til 9. august. Det vert tilrådd å ikkje felle meir enn éi grågås per dag.