Frank Sve om Nerlandsøybrua:

- Kan ikkje rykke tilbake til start

Frank Sve (Frp) i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal meiner det blir for dumt å gå tilbake til ny regulering av Nerlandsøybrua.

Frank Sve (Frp)  Foto: Arkivfoto

Nyhende

- Dette er i realiteten berre eit forsøk på skyve problemet framover, og eg har ikkje tru på at det er noko å tene på ein slik prosess, seier Sve til Vestlandsnytt.