Sjølvsagt seier både byråkratane i Utdanningsdirektoratet og politikarane i Kunnskapsdepartementet at borna skal synge som aldri før, men ordet song er ikkje nemnt i læreplanen. Spissformulert er det som å fjerne ein bussavgang frå ruteheftet, og rekne med at bussjåføren køyrer likevel. Framlegget er ei sterk nedvurdering av både song og musikkfaget, og byråkratane som har funne på dette bommar ikkje ein gong på målet, for dei treff ikkje ballen. Skal vi bruke denne logikken kan vi berre fjerne matematikk frå læreplanen, og hevde at elevane sikkert vil halde på med matematikk likevel, pytt, pytt.

Før eg byrja på denne artikkelen, måtte eg kontakte nokon som kan meir om dette enn meg. Tidlegare rektor ved Herøy kulturskule, Robert Skeide, kan det meste om dette temaet. Det viste seg at Robert hadde liggande ekstremt mykje informasjon og forsking som stadfestar kor viktig song og musikk er for utviklinga av oss menneske. Eg måtte skrape på overflata av det omfattande materialet eg fekk tilsendt. Men eg skjøna fort at dei som har funne på å ta songen ut av læreplanen, har ei dritdårleg sak, for å stele eit ord frå ungdomens vokabular.

Det er i hjernen vår, det mest fantastiske skjer når vi syng, spelar eller driv med kunst. Den venstre hjernehalvdelen er den logiske, den jobbar med Pytagoras’ læresetning, Newtons lov, og tyske preposisjonar som styrer akkusativ.

Den høgre halvdelen er den kreative verkstaden vår, der ligg song, musikk, rim og rytme. Så skulle ein kanskje tru at desse to hjernehalvdelane bur på kvar side av gangen, og ikkje har noko med kvarandre å gjere. Men slik er det ikkje, for til meir vi stimulerer den høgre halvdelen, til kvikkare blir den venstre, i følgje forskinga.

Det er sannsynleg at ein eller ei som har sunge eller spelt eit instrument i barndomen og ungdomen, er betre i matematikk enn dei som ikkje har gjort det. Difor ser vi at dei landa som har satsa på estetiske fag som song, musikk, dans og kunst, scorar høgare også på realfag. Dette veit sjølvsagt norske skulebyråkratar, og det gjer saka berre enda verre.

Men det er meir som skjer med kroppen vår når vi syng Men vi visste ikkje noko om det då vi gjekk på barneskulen og vi song heile tida. I forskingsprosjektet Kroppens Partitur gjekk forskarane ved Sahlgrenska akademin i Sverige grundig til verks. Dei ville finne ut korleis song påverkar kroppen vår, og helsa vår. Leiar for prosjektet Björn Vickhoff og kollegaene hans målte pulsen på nokre korsongarar medan songarane utførte tre øvingar: Dei nynna monotont, dei song ei svensk hymne, og til slutt nynna dei ein svært sakte melodi.

Forskarane såg at hjarterytmen til alle songarane synkroniserte seg momentant, då dei tok til å synge. Hjarterytmen steig og fall heilt i takt, songen endrar pustemønsteret vårt, og alle pustar rolegare enn normalt. Og sidan alle syng same melodien så pustar kvar songar samtidig. Vagusnerven er kroppens største nerve, den går frå hjernen til hjartet og til magen. Den varslar hjartet om å senke farta på utpust. På innpust stimulerer den hjartet til å slå snøggare.

Forskarane meiner at dette pustemønsteret er regelstyrt av melodi og tekst. Dette styrkar hjartet vårt, og er godt for vår mentale helse. Pustemønsteret til ein songar kan samanliknast med pusteøvingane i yoga, seier Bjørn Vickhoff.

Med den informasjonen eg har no, kan eg fylle eit heilt Vestlandsnytt med artiklar som fortel om kor viktig song og musikk er for utviklinga av heile mennesket..

Dei som frontar dette framlegget liknar Lenda frå Land som Vinje skriv om. Hesten som gjekk seg skorfast fordi han ikkje evna å snu. Difor er også forklaringa eller bortforklaringa på kvifor dei vil ta song ut av læreplanen så oppsiktsvekkjande dårleg. at den bør setjast ein tone til. Regjeringa bør synge heile bortforklaringa unisont på kvar regjeringskonferanse, til dei kjem på betre tankar.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner kan så avslutte samværet med å synge salmen « Herre, jeg har handlet ille» akkompagnert av Trine Skei Grande på luftgitar.

Ha ein harmonisk fredag